Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Spørsmål og svar

Ofte stilde spørsmål

Case: Ein vaksen person som allereie er i jobb søkjer fagutdanning etter Gloppenmodellen. Han er allereie i eit fast tilsettingsforhald. Kan han da fortsette i den jobben han allereie har, samstundes som han tek utdanning? Kan han ta lønna arbeid i bedrifta dei dagane han uansett skal ha praksis innafor same fagfelt eller anna fagområde i same bedrift?

 

Svar: I rettleiar s 24 står det at dette ikkje er mogleg. Samstundes var det eit uheldig ordval og det kan sjå ut som det er rom for tolking. Her står det at det som hovudregel ikkje skal godkjennast. Vi har fått ei presisering frå Fylkeskommunen på dette:

 

Presisering: Utplassering i bedrift som del av opplæringa dei tre første åra i Gloppenmodellen, kan ikkje erstattast av løna arbeid i bedrift. Gloppenmodellen er organisert som fulltids opplæring (dvs. 35 skuletimar som er timeplanlagt i veka). I desse 35 timane inngår både opplæring på skule og i bedrift. Arbeid som blir utført utover dei 35 skuletimane, kan deltakaren som er med i ordninga, sjølvsagt få løn for.

Grunngjeving for svaret:

 

Det er ulike vegar som fører fram til fullført fag- og yrkesutdanning.:

  • Elev og lærling i skule og lærebedrift – vanlegvis 2 år i skule + 2 år i bedrift.  Eleven og lærlingen har rettar og plikter etter Opplæringslova med forskrifter. Fylkeskommunane er ansvarlege for at opplæringa både i skule og bedrift følgjer dei lover og forskrifter som gjeld. Både ungdom og vaksne kan ha rett til slik opplæring.
  • Dette er ikkje ei opplæringsordning, men ei dokumentasjonsordning, der du må dokumentere 5 års relevant praksis og i tillegg ta ein tverrfagleg privatisteksamen, før du kan melde deg opp til fagprøve. Praksisen du må dokumentere er til vanleg løna arbeidspraksis med krav til eit visst fagleg innhald. Praksiskandidaten er sjølve ansvarleg for å dokumentere dette. Praksiskandidaten er friteken for fellesfag.
  • Fagbrev på jobb. I retningslinjene frå Udir for denne ordninga står det m.a.:

«Fagbrev på jobb er en ordning for voksne som er i et arbeidsforhold. Voksne får her mulighet til å få fag- eller svennebrev på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med veiledet praksis i vanlig arbeid. (…) Fagbrev på jobb forutsetter et samarbeid mellom arbeidsgiver, den ansatte og fylkeskommunen (….) Fagbrev på jobb er regulert i opplæringsloven kapittel 4 om videregående opplæring i bedrift.»

Samla krav til praksis er her 4 år, med eventuell avkortning etter realkompetansevurdering. Same eksamensordning som for  praksiskandidat, og fritak for fellesfag. (Sjå vedlagt skriv frå Udir med nærmare informasjon om ordninga.)

 

Gloppenmodellen er ei opplæringsordning der vaksne deltakarar er elevar og seinare lærlingar som følgjer ordinære læreplanar for vg1, vg2 og vg3 i programfaga og i tillegg læreplanane for alle fellesfaga. Det som skil Gloppenmodellen frå ordinær fagopplæring i vidaregåande skule (der opplæringa er organisert som 2 år i skule + 2 år i lære), er at opplæringa er organisert som «vekslingsmodell». Opplæringsmodellar av denne typen vekslar mellom opplæring i skule og bedrift gjennom heile opplæringsløpet. Lovgrunnlaget for slik organisering av opplæringa, er forskrift til opplæringslova §1-3.

 

I praksis vil dette seie at deltakarane i Gloppenmodellen får opplæringa si i dei yrkesfaglege programfaga og faget yrkesfagleg fordjuping både i skule og bedrift dei to første åra. Desse faga skal vurderast med karakterar og krev tett oppfølging av lærar, dette gjeld òg den delen som går føre seg i bedrift. I tillegg får dei noko av opplæringsdelen av læretida i bedrift f.o.m. første skuleår.

 

Læretida i den ordinære 2+2-modellen er delt i to delar: Opplæring og verdiskaping. I opplæringa har lærlingen rett på rettleiing og oppfølging og skal ikkje ha sjølvstendig ansvar for verdiskaping i bedrifta. Det er lærebedrifta som er ansvarleg for denne opplæringa, og får tilskot frå fylkeskommunen for å gjennomføre dette. I den andre delen av læretida skal lærlingen ta del i verdiskapinga i bedrifta, og får utbetalt lærlingløn for dette. Det kan vere ulike måtar å fordele utbetalinga av løna på. Læretida i bedrift er òg regulert i opplæringslova, og det er fylkeskommunen som er ansvarleg for følgje opp at lærlingen får oppfylt sine rettar etter lova.

 

I ein vekslingsmodell som Gloppenmodellen, kan vi seie at opplæringsdelen av læretida er fordelt utover 3 år, slik at vi her har ein 3 + 1 modell, der opplæringsdelen av læretida er dei 3 første åra – deltakarane er fulltids elevar og får ikkje lærlingløn, mens verdiskapingsdelen av læretida er det siste året av løpet. Her er deltakaren 100 % lærling og får lærlingløn.

 

Gloppenmodellen er ein samarbeidsmodell, og det er ulike kriteria frå ulike aktørar. Hovudkriteria for å vere deltakarar er prioriterte slik:

  • personar med mål om utdanning i introduksjonsprogrammet
  • andre flyktningar eller minoritetsspråklege som er prioriterte av NAV/flyktningteneste
  • registrerte arbeidssøkjarar og andre som er tilmeldt NAV
  • andre vaksne med vaksenrett
  • ungdom som har brukt opp ungdomsretten sin, kan bli vurdert.

Løpet i Gloppenmodellen er individuelt tilpassa, og det er tett oppfølging frå lærar og sakshandsamar i NAV/Flyktningtenesta.

 

Oppsummering:

Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for at deltakarar i t.d. Gloppenmodellen, får den opplæringa som dei har rett på etter opplæringslova. I dette ligg òg krav til vurdering og anna juridisk ansvar for elevar/lærlingar som er nedfelt i lova. Som tilsett i ei bedrift, vil andre lover og regelverk gjelde, og er ikkje mogleg å blande ulike vegar fram til fagbrev (t.d. opplæring etter vekslingssmodell og praksiskandidatordning) eller blande regelverk.

 

I den aktuelle saka vil vi foreslå at de ser på om det er tenleg å nytte ei av dei andre ordningane – praksiskandidat eller fagbrev på jobb.

 

Praksiskandidatordninga vil ta noko lenger tid (avhengig av tidlegare opparbeidd praksis), og gjev ikkje rett til opplæring. Det går likevel an å søke om å delta i opplæringa i nokre fag som deltidselev ved skulen. Skulen avgjer ein slik søknad (t.d. i høve krav til vurdering). Dette kan vere støtte for deltakaren fram mot t.d. ein praksiskandidateksamen, og samtidig kunne vere tilsett og få løn. På denne måten kan praksisen godskrivast i praksiskandidatordninga.

 

Ordninga fagbrev på jobb er regulert i opplæringslova, og er den einaste ordninga som både gjev deltakar rett til opplæring og løn. Denne ordninga er såleis kanskje den best tenlege i dette tilfellet.

Svar: Dersom det er ledige plassar og vedkomande har behov for tilrettelagt undervisning for å kunne nå mål om fagbrev er dette mogleg. Vedkomande må da ta kontakt med rettleiingstenesta.

Målgruppene er beskrive på s. 5 i rettleiaren. Hugs å skilje mellom ordinære søkjarar og dei som er prioritert inn frå Nav eller Flyktningtenesta.

 

Svar: Ja, det kan han. Hugs å opplyse om andre stønadar når de søkjer statens lånekasse.

Svar: Her skal det være individuelle vurderingar. Nokon kan ha rett på tiltakspengar, nokon har introduksjosnlønn, andre kan ha rett til kvalifiseringsstønad, stønad til einsleg forsytar osv. Andre som er ordinære søkjarar vil ha rett på stipend og lån frå Statens lånekasse.

Svar: fjerde året er dei lærlingar og mottek lærlinglønn. Dei kan og ha rett på stipend.

Svar: Vi har lagt opp til at alle kan søke. Det er søknad via www.vigo.no men prioriteringa skal være tydeleg. Sjå side 5 i rettleiar. Ordinære søkjarar har ikkje rettar på NAV. Dei vil ha rett til stipend i statens lånekasse

Kun Nav sine brukarar skal registrerast i Arena. Det er individuelle vurderingar som avgjer kven som skal ha kva yting og innsatsbehov.

Det er skulen som har oppfølgingsansvar for desse deltakarane. Dei har inntak på ordinære vilkår. Dei har fått plass fordi det var ledige skuleplassar og den aktuelle kommune har hatt praksis/læreplassar som er ledige og kan nyttast.