Hopp til innholdet

Vurderer du å ta utdanning som tannhelsesekretær?

featured

Vestland fylkeskommune tilbyr i regi av Firda VGS , den offentlege tannhelsetenesta i Vestland, utdanning som tannhelsesekretær for vaksne/ minoritetsspråklege  i Vestland fylke frå hausten 2023-2026. Etter fullført utdanning kan du søke om autorisasjon som tannhelsesekretær.

Mål:

Stabsleiar i Tannhelsetenesta ser eit auka behov for fleire tannhelsesekretærar i fylket og alle samarbeidspartnarane ønskjer å legge til rette for dette.

Ein tannhelsesekretær sine arbeidsoppgåver.

Tannhelsesekretæren har mange viktige arbeidsoppgåver på ein tannklinikk. Utdanninga gir ei unik moglegheit for å kombinere omsorgsarbeid med serviceyrket. Du vil arbeide tett med pasientar og anna tannhelsepersonell, og du er ein viktig del av tannhelseteamet i tillegg til eigne oppgåver. I møte med pasientar og pårørande står tannhelsesekretæren ofte i fyrste linje. Arbeidet krev difor sjølvstende og evne til å halde oversikt i ein travel kvardag. Tannhelsefaget er i stadig utvikling, og tannhelsetenesta treng personell med god fagleg kompetanse.

Innhald i utdanninga:

For meir informasjon om yrket:

Organisering av undervisning:

Undervisninga er på Firda vidaregåande skule i Sandane 3 dagar i veka-der den eine dagen mest mogleg vert digital  og 2 dagar praktisk undervisning  på skule og opplæring i bedrift. Skulen samarbeider med den offentlege tannhelsetenesta og organiserer når og kor kvar elev skal ha opplæring.

Kven kan søkje?

Alle kan søke! 

Vi ønskjer gjerne å ha ein samtale med deg før du startar utdanninga di- mellom anna for å kartlegge tidlegare relevant utdanning, motivasjonen din og for å vise deg rundt/ ha omvising på ein tannklinikk.

Då er kanskje dette noko for deg! 

Korleis søke?

For å søke på utdanninga går du inn på:

https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/voksen/soknad-inntak-vo/

Hugs å legge ved naudsynt dokumentasjon.

I kommentarfeltet skriv du: «Nettskuletilbod Firda VGS».

Søknadsfrist er 1.mars, men denne er ikkje endeleg.

Har du fleire spørsmål?

Ta kontakt med:

Knut Sande (rådjevar)

Rettleiingstenesta Vestland Nord

Epost  Knut.Sande@vlfk.no tlf 404 40748

 

Kari Lysgård (faglærar tannhelse)

Epost: Kari.Irene.Lysgard@vlfk.no , tlf. 404 11 936

 

Anette Aske Sollid (fagkoordinator og faglærar VO)

Epost: Anette.Aske.Sollid@vlfk.no , tlf. 415 30 633