Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Negativ sosial kontroll

Negativ sosial kontroll

featured

Fredag 30.september hadde vi samling i regi av Gloppenmodellen. Tema var negativ sosial kontroll og deltakarane var frå dei vidaregåande skulane, Flyktningtenestane og NAV kontora i Nordfjord. I tillegg hadde vi invitert nokre frå Familiehuset i Gloppen. Målet for dagen var å knytte kontaktar på tvers og finne nye og gamle samarbeidspartar. Vi er mange som jobba med deltakarane i Gloppenmodellen og som har eit felles mål. Det er viktig at vi kjenner kvarandre og kan jobbe på tvers. Da kjem dei gode resultata.

 

Samlinga var ein del av eit prosjekt der vi jobba med nettverksbygging og kompetanseheving for alle som er knytt til Gloppenmodellen i region Nordfjord. Vi skal bygge kompetanse som kan delast nasjonalt i eit temahefte. Prosjektet er støtta av statsforvaltaren i Vestland.

negativ sosial kontroll
Bilder: Ann Iren Festervoll, Astrid Espegren og Terese Kirkhorn