Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Presisering til rettleiar

Presisering til rettleiar

featured

Det er ikkje opning for at deltakarane i Gloppenmodellen kan byte prakis med lønna arbeid

Vi ser at vi hadde ei formulering på s. 24 i rettleiaren som var uheldig og kan være grunnlag for misforståing. Her står det at «Når det gjeld praksis for fulltidsdeltakar er hovudregelen at slik praksis er utan løn. Sjå utklipp.

 

rettleiar pressisering 2022

Vi har hatt saker oppe til diskusjon på grunnlag av dette og det har no kome ei presisering frå Vestland Fylkeskommune. Det var ikkje meint at løna arbeid kunne erstatte praksis, men denne setninga kunne opne for tolking.

Presisering:
Utplassering i bedrift som del av opplæringa dei tre første åra i Gloppenmodellen, kan ikkje erstattast av løna arbeid i bedrift. Gloppenmodellen er organisert som fulltids opplæring (dvs. 35 skuletimar som er timeplanlagt i veka). I desse 35 timane inngår både opplæring på skule og i bedrift. Arbeid som blir utført utover dei 35 skuletimane, kan deltakaren som er med i ordninga, sjølvsagt få løn for.

Det er fylkeskommunen som er ansvarleg for at deltakarar i t.d. Gloppenmodellen, får den opplæringa som dei har rett på etter opplæringslova. I dette ligg òg krav til vurdering og anna juridisk ansvar for elevar/lærlingar som er nedfelt i lova. Som tilsett i ei bedrift, vil andre lover og regelverk gjelde, og er ikkje mogleg å blande ulike vegar fram til fagbrev (t.d. opplæring etter vekslingssmodell og praksiskandidatordning) eller blande regelverk.