Hopp til innholdet

Prosjekt Gloppenmodellen

featured

Prosjekt Gloppenmodellen er no avslutta og Gloppenmodellen er over i ordinær drift

No nærma det seg sommar og arbeidsgruppa er ferdige med inntak til neste skule år. Det starta 2 klassar etter Gloppenmodellen. Ei ny helsefagklasse på Firda vidaregåande skule og Restaurant og matfag på Stryn vidaregåande skule. Prosjekt Gloppenmodellen var eigentleg ferdig til nyttår 2021 men vi fekk løyve til å nytte restmidlane til å styrke arbeidet og gjennomføre aktivitet som vi ikkje fekk gjort grunna koronapandemien.

Det har vore eit spennande prosjekt å jobbe med, vi har fått arbeida godt med Gloppenmodellen og gjort endringar og forbetringar. Gloppenmodellen har vore i drift sia 2013, men prosjektgruppa har vore ein del av dette for å lage handbok og rettleiar samt ein forskingsrapport.

 

Eg vil takke prosjektgruppa for fantastisk godt arbeid og Styringsgruppa for god styring og rettleiing. NORCE har gjort ein svært god jobb med å følge forske prosjektet samt at dei har deltatt i prosjektgruppa.

 

No står nye prosjekt for tur, som og skal være med å styrke arbeidet og ta Gloppenmodellen inn i den digitale verden.