Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Helsefagarbeidaren sin profesjon

Helsefagarbeidaren sin profesjon

featured

- Kvar er vi? Kvar skal vi?

Denne fine gjengen var i dag tilbake på Firda vidaregåande skule. Dei er alle utdanna helsefagarbeidarar etter Gloppenmodellen. Tema for fagdagen var:  «Helsefagarbeidaren sin profesjon. Kvar er vi? Kvar skal vi?»

Læring er ein livslang prosess. Som profesjonell yrkesutøvar er det viktig å reflektere over eiga yrkesutøving. Å reflektere i lag med fagarbeidarar som har fulgt same utdanningsløp som deg, er ekstra nyttig. Frå dei var ferdig utdanna og fram til i dag har dei både lært og erfart mykje. Å få setje ord på det dei har lært og erfart etter nokre år i yrket, i lag med kompetente andre som har mykje av dei same erfaringane, er trygt, godt og ikkje minst lærerikt.

 

Stemninga var varm, lystig og trygg frå start til slutt. Sjølv om ikkje gjengen var så stor denne gonga, var det helsefagarbeidarar frå både Stryn, Kinn og Gloppen kommune.

– Alle var skjønt einige om at dagar som dette kan vi ha fleire av.

Arrangør: Anette Aske Sollid, Firda vidaregåande skule.

Foto: Anette Aske Sollid