Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Nytt 11.11.21

Nytt 11.11.21

featured

Det handla ikkje om å få, men om å få til

-Sitat Aiman Shakura

11.11.21 hadde vi konferanse på Gloppen hotell. Tema for dagen var Gloppenmodellen.

I 2019 fekk Gloppen kommune tilskot til utvikling av kommunale integreringstiltak frå Integrerings og mangfaldsdirektoratet (IMDI) for å vidareutvikle Gloppenmodellen for drift, lage handbok og rettleiar. Det vart da sett ned ei prosjektgruppe som består av representantar frå NAV Gloppen, NAV Vestland, Firda vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune, Gloppen kommune og forskarar frå NORCE.

Gloppenmodellen starta i Gloppen i 2013 og har no vorte utvida til å være ein modell med stor interesse både lokalt og nasjonalt.

I dag var vi samla for ein festdag. Heimesida vart presentert, vi synte film og ei rekke dyktige menneskje frå både lokalt næringsliv, KS, kommunedirektør, ordførar, regiondirektør for NAV Vestland, deltakarar i utdanning etter Gloppenmodellen mfl fortalte om Gloppenmodellen frå sin ståstad.

Astrid Espegren, senior forskar i NORCE ga oss eit innblikk i funna dei skal presentere i forskingsrapport som kjem i januar 2022.

Takk til alle som var med på denne konferansen.