Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Prosjektilskot til “Gloppen-modellen” – ein utdanningsmodell for framtida

Prosjektilskot til “Gloppen-modellen” – ein utdanningsmodell for framtida

Gloppen kommune har motteke kroner 1 100 000 frå IMDI(integrerings- og mangfoldsdirektoratet) i tilskot til prosjekt knytt til “Gloppen-modellen”.
Hausten 2013 vart det starta opp eit samarbeidsprosjektet om utdanning som helsefagarbeidar for minoritetsspråklege i Gloppen kommune på Firda Vidaregåande skule. Samarbeidspartane var  NAV Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gloppen kommune.

Bakgrunnen for prosjektet var at mange vaksne minoritetsspråklege i kommunen ynskte seg utdanning som helsefagarbeidar, samt at behovet for framtidig arbeidskraft innan fagfeltet vil bli stor. Erfaringane er svært positive og det har blitt starta nye klasser kvart år med unntak av 2014. Fleire kommunar i Nordfjord har no med elevar. 

I utarbeidinga av “Gloppen-modellen” har vi allereie utfordra ulike regelverk, samarbeidsrelasjonar og tradisjonell fagutdanning. Vi har bidrege til å sette behovet for fagutdanning på dagsorden, og vår modell har hatt stor nasjonal interesse. Dette har ført til at vi har brukt mykje tid på å formidle vår utdanningsmodell til andre. Etter nokre års erfaring, treng vi no å få uhilda forskarar til å vurdere resultata av “Gloppenmodellen. I tillegg treng modellen å utviklast vidare og bli mindre “personavhengig”.

Målet er å få utarbeidd ein standardisert fagutdanningsmodell for minoritetsspråklege som kan overførast til alle deler av landet. Vi meinar at resultata frå prosjektet vil ha stor overføringsverdi og IMDI har innvilga tilskot!  Vi har søkt om støtte til eit 3-årig prosjekt. I fyrste omgang er vi tildelt midlar i eit år, men har god tru på finansiering frå IMDI også dei neste 3 åra.

Gloppen kommune er prosjekt-eigar. Fylkeskommunen og Nav er samarbeidspartar i prosjektet. Forskningsinstituttet NORCE vil følgje prosjektet. 
Ann Iren Festervoll skal leie prosjektet.