Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Nasradin møter ministeren

Nasradin møter ministeren

Nasradin Shakur er elev ved Firda Vidaregåande skule. Han tek sikte på fagbrev innan polymerkompositt faget. Han går no 3. året på Firda vidaregåande skule. Han er på skulen 1 dag pr veke og i praksis på Strukturplast 4 dagar i veka.  Neste år starta han som lærling i same bedrift. Måndag 06.09.21 fekk han møte Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

«Dette er fagutdanningar vi treng» seier Frode Lindvik, konsernsjef i Bano.

«Det er viktig å ha noko å stå opp til, å få eit fagbrev og ha gode kollegaer» seier Nasradin Shakur.

På bilete ser vi Nasradin Shakur i samtale med Konsernsjef i Bano, Frode Lindvik og Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.

Gloppenmodellen er ein utdnningsmodell der deltakarane er sikra læreplass og tett oppfølging gjennom utdanninga. Den bygger på ein vekslingsmodell og er ein samarbeidsmodell mellom NAV og Fylkeskommunen. Skulane inngår eigne samarbeidsavtaler med bedrifter.

Gloppenmodellen er ein sjølvstendig fagutdanningsmodell. Vi har fått midlar frå IMDI for å lage ein rettleiar og ei håndbok som gjer det enklare for andre å lage sine utdanningar etter same modell. Dette arbeidet er organisert i eit eige prosjekt. Vi  er no inne i sluttfasen av prosjekt Gloppenmodellen. Vi vil publisere materialet kring nyttår.

Nasradin, Torbjørn Røe Isasen og Frode Lindvik