Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / IMDI har tildelt midlar til Gloppenmodellen

IMDI har tildelt midlar til Gloppenmodellen

Gloppen kommune har fått midlar frå IMDI (integrerings og mangfaldsdirektoratet) til å fullføre prosjektet vårt, Gloppenmodellen! Vi ser fram til å jobbe vidare med dette spennande samarbeidsprosjektet. 

Vi gleder oss til å dele rettleiar og handbok for Gloppenmodellen med andre. Tanken er at denne skal syne vegen frå tanke til oppstart og gjennomføring av vidaregåande utdanning etter Gloppenmodellen. Vi skal og presentere ein forskingsrapport utarbeidd av NORCE på slutten av året 2021.

Prosjektgruppa er sett saman av representantar frå NAV, Flyktningtenesta, NAV tiltaksavdeling, Gloppen kommune, NORCE (forsking), fylkeskommunen si utdanningsavdeling og 2 representantar frå Firda vidaregåande skule samt ein brukarrepresentant.