Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Gloppenmodellen presentert for Statsministeren

Gloppenmodellen presentert for Statsministeren

I går fekk Ann Iren Festervoll, prosjektleiar for Gloppenmodellen og fagleiar for flyktningtenesta i Gloppen treffe Statsminister Erna Solberg. Dei snakka om Gloppenmodellen -ein utdanningsmodell for framtida. Gloppenmodellen er ein utdanningsmodell som gjev fagbrev, dei som startar på utdanninga er sikra læreplass frå skulestart.

Statsministerens kontor

Kommunane vert målt på overgang til arbeid eller utdanning etter avslutta introduksjonsprogram. Dette er og med i kriteria for å få busette fleire flyktningar. Likevel ser vi at det er mange som treng tid for å komme i arbeid. Ein del av dei som er busett mangla grunnskule frå heimlandet og treng å få dette på plass i tillegg til språket før dei kan starte på vidaregåande. Vi har derfor valt å jobbe langsiktig for å møte krava i arbeidslivet og hjelpe dei minoritetsspråklege fram til ei fagutdanning som er med på å sikre dei ein jobb for framtida. 

Fagutdanning

Gloppenmodellen vert nytta for ulike fagutdanningar i Nordfjord. Firda vgs har både helsefag, tannhelsesekretær, betongfag og polymerkompositt, og Gloppenmodellen er ein del av det langsiktige integreringsarbeidet i Nordfjord. Vi ynskjer å satse på utdanning og ser at arbeidslivet krev fagutdanning. Marknadsarbeidet er ein viktig del av vår jobb og samarbeid med ulike aktørar er avgjerande. 

Prosjektmidlar frå IMDI

Vi har fått prosjektmidler frå IMDI og har ei unik sjanse til å sjå på modellen og korleis vi jobba. Vi samarbeider tett med dyktige og engasjerte forskarar frå NORCE. Prosjektgruppa ellers består av representantar frå Firda vdg, NAV Gloppen, NAV Vestland, Gloppen kommune, utdanningsavdelinga i Vestland fylkeskommune og ein brukarrepresentant, ein flott gjeng som jobbar godt ilag. 
Prosjektgruppa skal mellom anna levere ein modell for fagutdanning, og lage ein veiledar som andre kan nytte. Det skal òg lagast ein forskningsrapport som skal dokumentere effektane av utdanningsmodellen. Vi håpar å få implementert modellen i resten av lande

Gloppenmodellen frå prosjekt til drift

Det har vore stor nasjonal interesse for modellen og mange har vore i Gloppen for å høyre korleis vi jobba. Fleire har starta utdanning etter Gloppenmodellen og har gjort sine lokale tilpassingar. Gloppenmodellen har fått mykje omtale både i media, tidsskrift og rapportar samt integreringsmeldinga og stortingsmelding.

Publisert: 23.09.2021 13.40