Elevar på polymerkomposittfagarbeidar bygger båt i verdsklasse på Brødrene Aa.
Hausten 2019 starta vi eit spennande samarbeid med privat næringsliv. Partane for denne utdanninga er NAV, Vestland Fylkeskommune Firda Vidaregåande skule og Strukturplast og Brødrene AA. Utdanninga er starta etter Gloppenmodellen, ei fagutdanning for minoritetsspråklege.
Vi har i dag 2 elevar som har sin praksis på Brødrene AA samstundes som dei har fag på skulen. Utdanninga er starta etter at det var meldt behov for faglært arbeidskraft i vår arbeidsregion.
Lærekurva er bratt, og dei ser resultat av arbeidet. Målet er fagbrev etter 4 år.