Hopp til innholdet
Gloppenmodellen / Look to Gloppen – Gloppenmodellen på Velferdskonferansen

Look to Gloppen – Gloppenmodellen på Velferdskonferansen

velferdkonferansen

Nyleg var fagleiar ved flyktningtenesta i Gloppen, Ann Iren Festervoll invitert til Velfredskonferansen 2019 på Gardermoen for å halde eit innlegg om Gloppenmodellen

Her er eit kort samandrag av innlegget:

Helsefag

Vi har etter kvart bygd opp mykje erfaring med helsefag i Gloppen. Vi starta nye klasser i 2013, 2015, 2016, 2017, 2018, 2019 og har fått klarsignal til å starte ny klasse i 2020. Det er framleis behov for fleire helsefagarbeidarar i regionen. 

Tannhelsesekretær

Vi har eit kull på tannhelsesekretær, desse starta opp hausten 2017 og er ferdige i juni 2020. Vi har fått klarsignal og det blir starta ei ny klasse i august 2020. Markedet vil trenge fleire tannhelsesekretærar framover, og næraste utdanningsinstitusjon som tilbyr denne utdanninga ligg i Åsane utanfor Bergen. Vi er glade for å kunne tilby dette i Gloppen. Utdanninga kom istand etter at fylkestannlegen tok kontakt og fortalde om eit aukande behov innafor dette fagfeltet. 

Fagarbeidar betong/plast/kompositt 

I oktober 2018 starta vi opp med meir nybrotsarbeid. Denne gongen etter at privat næringsliv tok kontakt fordi dei treng betongarbeidarar og plast/kompositt arbeidarar. Vi har no to klasser som samarbeider med privat næringsliv. 

Framover

Vi har no fått midlar frå IMDI til å forske på Gloppenmodellen og lage eit rettleiiar for oppstart av utdanningar etter denne modellen.